Blog Image

KomArtQuilt

Livsglede 1

Ferdige bilder Posted on Wed, November 11, 2009 19:36:34

Eg har vore opptatt av “livsglede” i den seinare tid. Har reflektert ein del over kva som gjer at eg kjenner på ei grunnleggjande glede i livet.
Du kan lese meir om tankane bak bildet under om bildene.

Eg kosa meg veldig med å prøve litt nye teknikkar i dette bildet. Eg har nytta vannoppløyseleg stoff i midten. Då blir det “hål” i bildet. Eg skal plassere ein liten spegel bak, slik at når du ser bak hjertet og korset så ser du ditt eige ansikt.

Dette bildet er eit lappeteppe i ordets rette forstand. Eg har brukt mykje fargar her. Og effekttråd som eg har sydd i sirklar.



Fleire englar

Ferdige bilder Posted on Wed, November 11, 2009 18:52:52

Dette er englane som det etterkvart er blitt ganske mange av. Nå har eg nytta sjølfarga stoff. Det er spennande. Begge desse er bestilte og skal nok bli julegåver.

(Nå har eg funne ut av teknikken og- eller Randi rettare sagt. smiley)