Eg har vore opptatt av “livsglede” i den seinare tid. Har reflektert ein del over kva som gjer at eg kjenner på ei grunnleggjande glede i livet.
Du kan lese meir om tankane bak bildet under om bildene.
Eg kosa meg veldig med å prøve litt nye teknikkar i dette bildet. Eg har nytta vannoppløyseleg stoff i midten. Då blir det “hål” i bildet. Eg skal plassere ein liten spegel bak, slik at når du ser bak hjertet og korset så ser du ditt eige ansikt.
Dette bildet er eit lappeteppe i ordets rette forstand. Eg har brukt mykje fargar her. Og effekttråd som eg har sydd i sirklar.
Sååå flott, Brit! Ser at du hadde ei kreativ helg 🙂 Skikkelig effekt med oppløyseleg stoff!! Gler meg te eg skal sjå det “live” m speil !!! Har veldig sansen for fargebruken, og sirklane! Gratla med bildet ! ( Litt teit å sei det , men det var berre det eg følte for å sei)