Før Eli skulle reise attende til Oslo, reiste ho og eg inn til omsorgssenteret i Årdal for å besøke mor. Det var ei koseleg stund. Mor var i strålande humør. Ho trivest så godt på “Oasen”. Og det er verkeleg ei avdeling som kan vere førebilete for andre kommunar. Det betyr så mykje for oss “ungane” at mor har det så godt. Vi er veldig takksame for det.
Eg måtte jo ta eit bilde av desse to flotte damene.