Mor har ein vegg med bilder av oss ungane, barnebarn og oldebarn. Eg fekk ideen om å lage eit slektstre til henne, som kan henge saman med desse bildene. Eit slektstre er jo stadig veksande, så eit av blada på Gerd Elin si grein står klar til å få eit navn. Så om eit par mnd får eg sy på eit navn til. Marit og Gunnar har frodige greiner, mens bladene står meir på “vent” hos oss andre. smiley. Bildet er sydd slik at det skal vere enkelt å ta det ned og sy på fleire navn. Berre tida vil vise…