Blog Image

KomArtQuilt

Ein serie

Ferdige bilder Posted on Wed, April 21, 2010 20:06:59

Trur dette må bli ein serie med bilder. Når eg held på med eit bilde, finn fram stoff, ser eg alltid neste bilde for meg. Eller iallefall fargane! Motivet eller budskapet i bildet kjem etter kvart. Neste bilde trur eg blir i gult-grønt. Eg er fasinert over korleis bildet endrar seg etter korleis ein plasserer firkantane… Og med å sy snorer i sirklar over, kan ein dempe eller forsterke inntrykk.



I di hand

Ferdige bilder Posted on Wed, April 21, 2010 19:47:58

Denne teknikken med firkantar og sirklar er utrulig kjekk å halde på med. Å velge fargar på stoff og tråd/garn er spennande. Ein kan bruke gamle klede, stoff som glitre, har ulik overflate… Dette ser ein ikkje så godt på bilete, men bildet får eit flott fargespel etter kor det heng i forhold til lys mm. Eg likar og å bryte teknikken med aplikasjon eller liknande. Eg kjem nok til å lage fleire bilete i denne serien.

Nå har eg heilt sy-dilla igjen. smiley. Eg skal sy fleire bilde med same motivet som her, men i andre fargar og annan bakgrunn. (Eg skriv meir om dette under sida “Om bildene”)