Blog Image

KomArtQuilt

Fargeklatten

Kvardagstankar Posted on Sun, September 12, 2010 18:33:35

Me var fire travle husmødre (med til saman tolv ungar frå null til ni år), og tenkte me kunne hjelpe kvarandre. Det var tanken då me starta “Fargeklatten” for 17 år sidan. Kirsten, Eli Tove, Kirsti og meg. Tre av oss hadde morspermisjon, mens Kirsti var “åvanpå” med tre store ungar på fem, sju og ni år.

Som sagt: Me tenkte me kunne passe kvarandre sine ungar, slik at iallefall ein av oss kunne få gå og handle i fred og ro. Så kvar torsdag samla med smått og stort i ein av heimane. Me hadde niste med, slik at det ikkje skulle vere bry for verten. Samlingsstund og aktivitet stod på programmet kvar gong. Fire av ungane gjekk på skulen, men kom på fargeklatten etter skuletid.

Dette vart så kjekt, at ingen av oss ville gå glipp av ein einaste gong. Ikkje kan eg huske at nokon hadde behov for å ta ein avstikkar i butikken heller.

Denne ordninga varte dette året, men i åra som gjekk hadde me mange treff likevel,- gjerne turar med heile familiane. Og me damer har i alle desse åra gått i bursdagsbesøk til kvarandre. Veldig kjekt!

Og i morgon er Eli Tove 50 år! Då blir det dameselskap, og me i fargeklatten skal sjølsagt gå. Sidan eg vart så inspirert på kurs i går, har eg i dag leika meg med symaskinen. Det vart eit “kort” til Eli Tove frå Fargeklatten. (Fort gjort og lite gjennomtenkt..)

(Trur ikkje Eli Tove har tid til å lese bloggen min i dag. smiley)



Frå det eine til det andre

Kvardagstankar Posted on Sun, September 12, 2010 13:59:59

Randi har nå gått tre veker på Sagavoll. I helga var ho heime for å henta forskjellige ting. Så her er ho på kaien klar til å reise att.

Sykkelen var det viktigaste å få med seg. Jentene her i huset har ikkje vore så ivrige på syklinga, så denne erverdige 14 år gamle modellen har gått frå Eli til Randi, og har nå stått i Erling sin garasje det siste året. Men nå kjem han altså til heder og verdighet igjen- på Sagavoll.

I avskjedens stund kjem begrepet “lause penger” opp. Som fattig student kjem det alltid vel med. På kaien får nokre “lappar” derfor ny eigar.
Etter opp-pakningen å døme, var det meir enn sykkelen som mangla på folkehøgskolen. I ryggsekken finn me ullsokkar, ullgenser, spikermatte (for stive skuldre), mamma sine heimelaga knekkebrød, sysaker, og mykje anna som eg ikkje har oversikt over.

I morgon skal Friluftslinja på ein fem-dagars-tur over Lifjell. Og då må utstyret vere i orden. Jo, Randi får nok eit uforgløymeleg år på Sagavoll!



Aurora 440 QE

Under arbeid Posted on Sun, September 12, 2010 00:19:03

Aurora 440 QE…. Det er navnet på den modellen av Bernina symaskin som eg (og Kari) har. Og i dag har me vore på kurs i Egersund. Det var kjempekjekt! Masse ny innsikt i muligheter me har med denne maskinen. Nyttig!

Og sjølsagt har me og fått vite om behov som me ikkje visste at me hadde.
Tilleggsutstyr som ein berre MÅ ha. Og me let oss “overtale”. Ikkje vanskeleg ein gong. Eg er glad eg kan skrive det som utgifter på KomArt Quilt. (Litt bedre samvittighet…) Nå glede eg meg berre til å prøve ut alle mulighetene.

At ein ved bruk av ei spesiell nål og pyntesaum kan lage dei nydelegaste holmønster…(Nederste bilde) Her kan ein trylle fram nydelege linserviettar på ei lita kveldsstund.

Eller, med litt ekstra utstyr,- kan ein filte fast ull, tråd, organsa eller andre materialer. (Nederste bilde)

På det andre bildet har eg prøvd to forskjellige snorføter. Effektfullt!